Kom Heimatt til førjulsfesten!

Fest med livemusikk i Frilund Ungdomshus

der ALT overskudd går til oppussing av ungdomshuset!

Mykje dansemusikk og garantert god stemning!

Husbandet er

Eirik Sognes, Marius «the one and only» Tufte, Malin Hellebø

og Karl Edvin Lysne.

Servering: Postaabneriet Pub og Cafe
Aldersgrense: 18 år

Pris: 150 kr

30 billettar vert selt i døra

Transport:

Komiteen har fått innvilga «Heim att for ein 50-lapp»,

nærare informasjon kjem.

arr. Kom heimatt-komiteen

Lærdal kino 75 år!

Brødrene Lumière si filmframsyning i Paris 28. desember 1895 er rekna som verdas fyrste ordentlege kinoframsyning. Her kunne publikum mellom anna til skrekkblanda fryd sjå eit tog komme inn på stasjonen.
Allereie året etter i 1896 kom filmen og kinoen til Noreg. Det var Edisons «kineteskop» som i Kongensgate nr. 13 i Kristiania, til stor merksemd kunne vise ein kortfilm som synte ein politimann på jakt etter ein kinesar.
Dagbladet rapporterar «Vi er saa nær som muligt indpaa det vidunderlige».

I 1904 fekk Noreg sin fyrste faste kino, Kinematograf Theateret i Kristiania. Film vart fort ei populær folkeforlysting og kinoar vart raskt opna i byar over heile landet.
Publikum gleda seg spesielt over korte norske nyhende og naturfilmar.
Til dømes vart kroningen i Trondheim i 1906  synt på kinoane til stor begeistring.
Elles dominerte utanlandske filmar fram til det fyrste norske filmdramaet «Fiskerlivets farer – et drama på Havet» kom. Filmen, innspelt ein gong mellom 1906 – 08 er diverre gått tapt og mykje er ikkje kjent om produksjonen. Mange år seinare fekk kinodirektør Kristoffer Aamot i Oslo laga ein rekonstruksjon med m.a. han sjølv og Edith Calmar som skodespelarar.

Filmatiseringa av «Terje Vigen» i 1917 vart den fyrste norske verdssuksessen og ga film og kino større anerkjenning i Noreg (sjølv om filmen var regissert av ein svenske, Victor Sjöström). Etterkvart vart Norsk Film a/s etablert (1932), og ein fekk og Norsk Kino og Filmfond som sytte for fleire norske spelefilmar.

I 1927 braut kinoane lydmuren, Warner Brothers sin spelefilm «The Jazz Singer» var fyrste velukka spelefilmen med lyd. Alt to år seinare hadde heile den amerikanske filmindustrien gått over til lydfilm.
Tancred Ibsen lagde den fyrste norske lydfilmen med «Den store barnedåpen» i 1931. Etterkvart kom filmavisene med lyd og utvikla seg til 45 minuttars program med utanlandske dokumentarfilmar blanda med lokale nyhende.

Den 11. november 1938 var det klart for fyrste regulere kinoframsyning i Lærdal.
Lars Skalle og Lærdalsøyri ungdomslag kunne ta i mot 200 menneske som ville sjå filmatiseringa av Johan Falkberget si forteljing om «Eli Sjursdotter».
Under 2. verdskrigen låg kinoen nede.

I 1945 fekk Lærdalsøyri saman med ungdomslaga på Tønjum og Ljøsne einerett av kommunen til kinodrift i Lærdal, men då det var vanskeleg å få tak i kinomaskin kom ein ikkje i gang att før i juni 1948.
Då kjøpte dei tre laga inn ny kinomaskin saman, for heile kr. 9000,-. Dette var ein så stor sum at laga måtte låne pengar til føremålet.

Fyrste filmen framvist på nye maskina var «Trollfossen», med 162 besøkande på Lærdalsøyri.
Ein hadde faste framsyningar både på Lærdalsøyri, Tønjum og Ljøsne, og etter kvart Borgund. Utstyret vart frakta i mellom i bil, slik at så mange som mogeleg skulle få sjå film!

Det å få med seg filmane var så populært at folk endå la ut i båt og rodde frå veglause bygder som Vindedalen for å komme seg på kino!

Sjur Hiller var sentral i oppstarten av kinoen etter krigen og var tilsett som kinostyrar frå 1948 til 1961. Han var og aktiv i kinoen etterpå som kinomaskinist.

I 1959 måtte laga investere i ny kinomaskin, ei Philips Junior FP3, slik at ein kunne nytte dei nye Xenon lampene og ikkje minst køyre filmar i breiformatet Cinemascope. Det er denne maskina me er så heldige å ha på utstilling i kulturhuset. Maskina var i bruk heilt fram til i 1984 då det vart kjøpt inn to nye tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner, slik at ein då kunne køyre film utan pausar.

I 1960 tok kommunen over ansvaret for kinodrifta, men ungdomslaget med Lars Skalle i spissen var framleis heilt sentrale i kinodrifta.
Skalle var kinostyrar fram til 1990, då han 75 år gamal mottok kulturprisen for innsatsen sin. Kinoen hadde opp gjennom åra hjelp av mange i ungdomslaget, som kinomaskinistane Sjur Hiller, Øyvind Aarethun og Ivar Rikheim.
Seinare kom Petter Ulviksbakken til som maskinist og han tok etterkvart over ansvaret for kinodrifta.
Ungdomslaget stilte og med vakter på filmane, ei ordning som var til stor hjelp for kinoen.

April 1996 gjekk siste filmen, «Golden Eye» med James Bond i ungdomshuset på Øyri.

Kinoen var på flyttefot til nye Lærdal Kulturhus, der flott ny sal og lydanlegg var klart hausten 1996. Kinomaskinene vart med på lasset frå ungdomshuset til det nye maskinrommet.
I 1998 byrja underteikna, Øyvind Hamre, som kinomaskinist og året etterslutta Ulviksbakken som kinostyrar og Astrid Myran Aarvik tok over ansvaret for kinoen.

I januar 2011 vart det trufaste 35mm utstyret vårt bytta ut med ein Christie digital kinoprojektor og den største revolusjonen innan film sidan lydfilmen, kom til bygda.

Digitaliseringa har høga kvaliteten på både lyd og bilete, jobben er lettare for maskinisten og filmane er på plass hjå oss samtidig med dei store kinoane.

Frå og med 2012 tok underteikna over som kinostyrar, og eg håpar lærdølene framleis vil vitje kinoen sin ofte, for å oppleve vakker filmkunst og topp underhaldning og i åra frametter.

Kinostyrar Øyvind Hamre

Korpslunch under Lærdalsmarknaden

Trekninga på boka frå siste basar:

Gåvekort frå Sanden pensjonat: lodd 2587 – Sverre Sandøy
Gåvekort moreller frå Per S. Hjermann: lodd 3849 – Borgny Yttri
Gåvekort frå Kiwi: lodd 4946 – Lise Søvik Bjørnarheim
Radio: lodd 1370 – Lisbeth Skjulhaug m/fam
Omn: lodd 5419 – Dagny Fagernes
Barnesykkel: lodd 345 – Ingeborg og Olav Teigen
Sykkel: lodd – 5487 Astrid Mørkrid

Gratulerer til alle vinnarane og
tusen takk til alle sponsorane og gjevarane og hjelparane
som gjorde eit så godt resultat mogeleg!