Ungdomslagsbasaren 2013 – omtrent 50.000!

Inntektene frå basaren på søndag, sørger for at det opnar seg dører for meir godt dugnadsarbeid med gode resultat!
Framhald i arbeidet med kjøkkenet og møterommet i kjellaren er prioritert.

Stemningsbilete frå dette innlegget i Porten:
Foto Anne Karin Skjær

 Vinnarane av gevinstane på bok:
Hovudpremien – sykkelen vunnen av Astrid Mørkrid
Gåvekortet frå Sanden Pensjonat til Sverre Sandøy
Gåvekortet frå Stødno på 5 kg moreller til Borgny Yttri.
Gåvekortet frå KIWI på 500 kroner til Lise B. Søvik.
Radioen til Lisbeth Skjulhaug og familie.
Omnen til Dagny Fagernes.
Barnesykkelen til Ingeborg og Olav Teigen

Tor Magne fortel på Porten at ein håpar å få på plass eit møte der laget kan få svar på kven som kan tenkje seg å bruke huset, lag, organisasjonar, næringsliv og einskildpersonar.
Tor Magne er del av ein vennegjeng som starta arbeidet med Frilund for 3 år sidan,
no vert det arbeidd med å få Lærdal Ungdomslag i gang igjen med nytt styre.

Artikkel i Sogn avis 5.april: Fiksar ungdomshuset –
Jan Egil Fimreite intervju
 med Tor Magne Gjerde

Foto: Anne Karin Skjær.
Merethe Forthun Grøthe, Atle Hunderi, Tor Magne Gjerde og Arvid Aarethun
er fotograferte framfor dei nye vindauga i møterommet i kjellaren.
Trevaren ved Arvid Aarethun har bidrege mykje til desse vindauga.
Her ventar arbeidet med plating og måling av veggane – og reparasjon av golvet.

Artikkel på Porten 3.april – Inviterer til idemyldring
Anne Karin Skjær intervju med Tor Magne Gjerde

Ein tanke om “Ungdomslagsbasaren 2013 – omtrent 50.000!

  1. Tilbakeping: Ungdomshuset – nytt i Verneområdet | Gamle Lærdalsøyri Grendalag

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *