Jonsok på Frilund

Velkommen til ei kjekk jonsokfeiring ved Frilund ungdomshus i kveld fra kl 18.00!
Ta med mat, drikke og naboen!
Det blir underhaldning og leikar for born….og vaksne!
Alle er velkommen, frå øverst til nederst i bygdi!
Vel møtt!!!!
Om nokon har ein gitar, trekkspill, trommer osv so ta det med!!!!!!

Det vert ikkje bålbrenning på bålplassen i år.

«Grunna lite nedbør over ein lang periode, som har gjort det sjeldan turt, og værprognosar som tilseier lite nedbør i dagane framover, er det ikkje tilrådeleg med bålbrenning.»
– frå brev frå brannsjef Gaute Johnsgaard.

Ungdomslagsbasar løner seg!

20140413 Åresalbilete Gunn HaugeDet førebelse talet er ca 58.000 kroner.

Dugnadsarbeidet som er lagt ned i å få tak i gevinstar, rydde og pynte,
lage god kaffimat, selge årer og lodd på bok og kafesal er stort!

Nokre bidreg med mykje, andre bidreg med mindre – men totalen er særs viktig.
Tusen takk til alle!

Tusen takk til alle de som bidrog med klingande mynt og knitrande papirsetlar!

Tusen takk også til alle som har betalt medlemspengar i venneforeninga for Frilund!

Det kjem fleire bilete etterkvart som vi får samla saman nokre, biletet av årene har vi lånt av Gunn H.

Vinnarane på loddbøkene:
Sykkel – Anne Grøttebø
Marimekkoveske – Heidi Eri Damli
Strikkaduk – Idunn Hille
Gåvekort Kiwi – Torbjørn Skulhaug
Vifteomn – Ingeborg Teigen
Vasskokar – Erling Sæbø
Miksar – Anne Kari Hagen
Blomst – Alfred Moe
5 kg moreller – Gudmund Lunden
Korg med godteri – Maud Hunderi
Termosett – Sunni Helland

Dei omtrent 100 åregevinstane fordelte seg nokolunde jamnt i salen! 😀

Årsmøte i venneforeninga til Frilund måndag 3.februar kl19.00

Kom og sjå kor fint Frilund har vorte innvendig!
Gode kaker og kaffi.

Val og framtidsplanar.

Ein stor jobb vart gjort for å redde ungdomshuset natt til søndag 19.januar,
I vestgavlen er det litt skade på eit vassbord.

20140128 vestgavlen frilund brannFrilund greidde seg godt mot brannen!

20140128 losjehuset tavle frilund etter brann

– og informasjonstavla er brannskadd.
Til venstre er restane av Losjehuset, det same gjorde nabohuset og uthuset vidare vestover for Losjehuset brann også, og eit hus i nordleg retning.
Johannes Einemo sin video – Losjehuset brenn!

Årsmøte 3.februar

20130409 Porten - basarpublikummet 2013Kom og sjå kor mykje arbeid som er lagt ned på huset siste året!

Det er framleis eit årsmøte for venneforeninga til ungdomshuset Frilund,
og ikkje ein organisasjon som krev medlemskontingent til ungdomslaget.

Naturlegvis vert det kaffi og gode kaker.
Årets basar vert på palmesundag som tidlegare!

Alle er hjarteleg velkomne!

Førjulsfest med Kom heimatt-komiteen som arrangør

20131222 førjulsfest M.Bøe

God stemning på Førjulsfesten – foto Margrethe Bøe

***

Denne meldinga er på Kom heimatt si FB-side:

«Takk for gårsdagens festlegheiter!
Komiteen har kun positive inntrykk etter festen,
det er då fare for gjentaking neste år.
Dato for «Kom Heimatt 2014″ er 10 – 13. Juli!
Set av langhelga, hendig kjem om ikkje lenge.
GOD JUL!»

***

Det var rift etter dei 30 billettane som skulle selgast i døra,
resten – 150 – var førehandsselde!

20131221 billettør (2)

Nokre av dei mange som var med på å arrangere Førjulsfesten –

20131221 nokre av komheimatt-arrangørane

Frå dei siste meldingane på Fjesbok-sida til Kom-heimatt:
(husk å «like» den!)

«Sist men ikkje minst, det vert bussar oppover bygda, desse går 02.15.
Desse går inn under ordninga heim for ein 50-lapp.»

«Me gjer i desse tider dei siste forberedingar og gler oss stort til at det igjen vert
«spisse sko og bryl i haoret» i Frilund.»

Overskotet frå Førjulsfesten går til oppussinga av Frilund!

Frilund var julepynta – med juletre og lyslenkjer!

20131221 julepynta frilund