Ungdomslagsbasaren 2013 – omtrent 50.000!

Inntektene frå basaren på søndag, sørger for at det opnar seg dører for meir godt dugnadsarbeid med gode resultat!
Framhald i arbeidet med kjøkkenet og møterommet i kjellaren er prioritert.

Stemningsbilete frå dette innlegget i Porten:
Foto Anne Karin Skjær

 Vinnarane av gevinstane på bok:
Hovudpremien – sykkelen vunnen av Astrid Mørkrid
Gåvekortet frå Sanden Pensjonat til Sverre Sandøy
Gåvekortet frå Stødno på 5 kg moreller til Borgny Yttri.
Gåvekortet frå KIWI på 500 kroner til Lise B. Søvik.
Radioen til Lisbeth Skjulhaug og familie.
Omnen til Dagny Fagernes.
Barnesykkelen til Ingeborg og Olav Teigen

Tor Magne fortel på Porten at ein håpar å få på plass eit møte der laget kan få svar på kven som kan tenkje seg å bruke huset, lag, organisasjonar, næringsliv og einskildpersonar.
Tor Magne er del av ein vennegjeng som starta arbeidet med Frilund for 3 år sidan,
no vert det arbeidd med å få Lærdal Ungdomslag i gang igjen med nytt styre.

Artikkel i Sogn avis 5.april: Fiksar ungdomshuset –
Jan Egil Fimreite intervju
 med Tor Magne Gjerde

Foto: Anne Karin Skjær.
Merethe Forthun Grøthe, Atle Hunderi, Tor Magne Gjerde og Arvid Aarethun
er fotograferte framfor dei nye vindauga i møterommet i kjellaren.
Trevaren ved Arvid Aarethun har bidrege mykje til desse vindauga.
Her ventar arbeidet med plating og måling av veggane – og reparasjon av golvet.

Artikkel på Porten 3.april – Inviterer til idemyldring
Anne Karin Skjær intervju med Tor Magne Gjerde

Mars 2013

I løpet av siste året har det vore gjort mykje dugnadsarbeid –  takreparasjonar, utvendig måling, drenering, nye vindauge og dør.

Møterommet i kjellaren har fått nye vindauga – der dei opprinnelege har vore plata inn.
Drenering på denne sida av Frilund sørgar for at rôteskade i golvet kan reparerast og halde fram med å vere tett og godt.

Trevaren har bidrege mykje til desse vindua og dei to som kjem på kjøkkenet!

Ny bakdør frå salen.

 Frilund frå baksida – biletet viser at kinorommet no også er måla utvendig.

 

Møte på Biblioteket onsdag 15.februar klokka 19.00

No nærmar det seg lysare tider og det er tid for å ta eit nytt tak for ungdomshuset.

Sidan i fjor har det vorte gjort ein del arbeid som syner godt; –
måling utvendig og noko arbeid innomhus t.d. vasslekkasje.
Spilegjerdingen er nedriven og overflatevatn er drenert vekk frå huset.
No ventar me på handverkar for å reparere taket utvendig.

Fokuset har vore på økonomi, og på å ta vare på huset.

Me kallar med dette inn til nytt møte for ungdomshuset.

Møt opp – alle de som kan tenkje dykk å vere med på å gjere noko for Frilund –
dette inneber å planlegge ny basar og andre aktivitetar til nytte for laget.

Me ynskjer at flest mogeleg møter og me ber om at de som får innkalling tek med dykk fleire, eller oppfordrar andre til å kome og ta del i arbeidet!

Møtet vert halde på biblioteket onsdag 15/2 kl 1900


Ta gjerne kontakt på: frilund@laerdalungdomslag.org