Møte på Biblioteket onsdag 15.februar klokka 19.00

No nærmar det seg lysare tider og det er tid for å ta eit nytt tak for ungdomshuset.

Sidan i fjor har det vorte gjort ein del arbeid som syner godt; –
måling utvendig og noko arbeid innomhus t.d. vasslekkasje.
Spilegjerdingen er nedriven og overflatevatn er drenert vekk frå huset.
No ventar me på handverkar for å reparere taket utvendig.

Fokuset har vore på økonomi, og på å ta vare på huset.

Me kallar med dette inn til nytt møte for ungdomshuset.

Møt opp – alle de som kan tenkje dykk å vere med på å gjere noko for Frilund –
dette inneber å planlegge ny basar og andre aktivitetar til nytte for laget.

Me ynskjer at flest mogeleg møter og me ber om at de som får innkalling tek med dykk fleire, eller oppfordrar andre til å kome og ta del i arbeidet!

Møtet vert halde på biblioteket onsdag 15/2 kl 1900


Ta gjerne kontakt på: frilund@laerdalungdomslag.org

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *