LUL si historie

Til 80-års feiringa av ungdomslaget, skreiv P.S. Hjermann denne «lagssoga» –

Den vart ugjeven som eit hefte med programmet for dagen 17.11.64, soga og sangane – og alle annonsene! – heile heftet vert lagt inn etter kvart – lånt frå Lokalhistorisk kontor med løyve til å offentleggjere/kopiere heftet.

1884 var startåret
1902 Kjøpte laget Turnhuset
1923 var Frilund ferdigbygd

 

UNGDOMSLAGET PÅ LÆRDALSØYRI 80 ÅR

EI LITI LAGSSOGE

ved P. S. Hjermann

Lærdal Ungdomslag 80 år

framsida

Jubileumsfest

i ungdomshuset laurdag 7/11 – kl. 20. 00.

PROGRAM:

Velkomsthelsing.
Prolog v/ fru Dorthea Nesse.
Lagssoga v/ stortingsmann h.v. P. S. Hjermann
Festtale v/ journalist Torvald Storås
Matykt, mølse og heimebakte kaker og kaffe.
Skodespelet «Rasjonelt Fjosstell»
av Hulda Garborg.
Instruert av Tove Bryn-Håland.
Framsyning av Lærdalsspringar.
av Ambjørg og Olaf Selthun.
Felespel av Svein Skjerdal.
Leik og gamal dans.

Billettar kr. 5,-.

2.side

 

***************

Forord.

Då Ungdomslaget på Lærdalsøyri bad meg om å skriva litt av lagets soga no til 80-årsjubilet, sa eg ja med ein gong.
Eg tykte det var ei takksam oppgåva.

Først og fremst avdi den frilynde ungdomsrørsla alltid har stått mitt hjarta nær.

Men og av den grunn at dette laget her på Lærdalsøyri har teke vare på alle møte-protokollane like frå fyrste skipingsdagen. Og endå er det meir i lagsarkivet. Det var lett å finna fram.

Og sjølvsagt burde denne soga vore mykje større. Mangt, og mange fleire skulde vore nemde, om det hadde vore rom og råd til det.

I eit slikt lag er utruleg mykje arbeid nedlagt gjennom åtti år. Kor mange kan vel ikkje seia, at her i ungdomslaget opplevde dei sin første møtekveld. Her leika dei første leiken sin. Her var det mangt og mykje lærerikt å høyra. Her spela dei kanskje den vesle rolle på scenen første gongen, og den store hovedrolla seinare. I ungdomslaget stod dei gjerne sjølve på talarstolen første gongen med lampefeberen skjelvande i eit ungt hjarta. Her skreiv dei sin første «avis»-artikkel og laga referat frå førre møte, som dei måtte lesa opp. Og tenk berre på all den vakre songen og musikken og anna underhald til hugna i samvær og fest. Har me tenkt over, alle saman, kor mykje me igrunnen har å takka ungdomslaget for!

Måtte denne lagssoga gjera sitt til å peika på alt dette. Og måtte ungdomslags-arbeidet i framtidi ha nytte av å sjå attende på si lags-soga.

side 3

Eg takkar styret for laget, og den driftige formannen, som har skaffa alle bilæte og alle annonsane i dette skriftet. Dei har og teke ut songane, som står til slutt, og som skal brukast på jubileums-festen.

Lærdal i oktober 1964

P. S. Hjermann.

side 4

Ungdomslaget på Lærdalsøyri 80 år

Då laget kom i gang

No i sommar har folkehøgskulen halde 100-årsjubileum her i landet. Ved festlege tilstellingar og store offentlege møte er det kome fram mange lovord om desse skulane, og den store innverknad dei har hatt på utvikling og framgang i samfundet vårt. Folkehøgskulen har dansk grunnlag. Det var kyrkjemannen og diktaren N.F.S.Grundtvig, den store ånds-kjempa, som slo til lyd for folkehøgskulen i Norderlandi. Men ingen skule i vårt land vart vel meir norsk enn nettopp folkehøgskulen. Det kristelege og nasjonale grunnlaget skulde ogso vera det same alle stader, og det grunnlaget har bore folkehøgskulen fram ogso her i landet.

Under jubileumsfestane for folkehøgskulen kom mange av talarane til å nemna, at den frilynde ungdomsrørsla, som vaks fram her i landet i slutten av førre hundradåret, var ei frukt av folkehøgskulen sitt arbeid. Og ser ein so på den første medlemslista i Ungdomslaget på Lærdalsøyri, so vil ein lett finna, at dei som gjekk i brodden for dette laget for åtti år sidan, og stod i styret den første tidi,- det var av dei, som hadde fått sin ånds-svip frå folkehøgskulen. Like frå fyrsten av 1870-åri hadde Sogndal folkehøgskule vore i gang med åndshovdingar som Jakob Sverdrup og Henrik Mohn Dahl på styrarplassen. Dahl var presteson frå Lærdal, og han hadde eit stort navn i denne skulen.

Frå midten av førre hundradåret hadde me elles ei stor framgangstid på mest alle områder. Den jamne folkeopplysning betra seg overalt, i faste folkeskular og med meir

side 5

(Bilete «Første formannen og skipingsmann i ungdomslaget på Lærdalsøyri, Kristen Bremer.)

utdana lærarar. Tidi skreid fram mot ei eventyrleg utvikling. Ungdomen søkte etter kunnskapar, og kjende trongen til å koma saman i det rike ånds-veret, som tidi hadde. Det grodde fram noko stort og nytt.

Første formannen og skipingsmann i ungdomslaget på Lærdalsyri, som vart den 19.oktober 1884, var Hafslo-bygdingen, Kristen Bremer. Han var lærar og klokkar på Lærdalsøyri og gift med ei Lærdalsgjenta. Men alt 2 år etter at laget kom igang, reiste han frå Lærdal. Bremer hadde si lengste arbeidstid i Bergen. Av den store barneflokken hans, sit fleire i framskotne stillingar i landet.

Varaformannen i laget var lærdøl. Olav Dominikussen Bjørkum var og lærar på Øyri. Men han flytta seinare til Årdal, der han var bonde og ordførarar i mange år. Barneflokken hans var sers stor, og barnebarnsflokken veks no utover landet med mange vonfulle namn.

Andes Hauge var den første kasseraren i laget. Han var og av våre eigne. Heile sitt arbeidsliv var han knytt til Lærdal Sparebank og til garden på Hauge. Han stod folkehøgskulen

side 6

(Bilete av Lærar R.S.Dyrkoren)

serleg nær, meddi bror hans, teologen Olav Hauge, i mange år var styrar av Sogndal Folkehøgskule.

Bonden Per Stønjum er og millom skipingsmennene. Han var fleire gonger ordførar i Lærdal. Nemnast må det og at bladstyraren i Sogns Tidende (som då kom ut i Lærdal), den seinare postmeister H.M.Michelsen, ogso var til mykje hjelp for ungdomslaget i den første tidi.

Dette var nokre ord om skipingsmennene, som sat i det første styret og leidde laget frå starten. Elles teikna det seg 40 medlemer med det same. Lærar Bjørkum gjekk igang med songkor i laget. På julefesten, som laget heldt i Bedehuset trettandagen i 1885, var Bjørkums kor alt i elden, og det var halde mange talar. Men på lagsmøte etter festen stod det fram ein og klaga over songkoret. «Det sømmer sig ikke med nasjonalsange i et bedehus», sa han, «Ungdomslaget må ha to sangforeninger, en for religiøse sanger, og en for nasjonalsanger.»

Dette var nok ikkje noko utslag av den frilynde kristendom. Men føremålsparagrafen i laget var og både streng og

side 7

ortodoks: «Ungdomslaget skal stå på bekjennelsens grunn, og virke til til kristelig og borgerlig opplysnings utbredelse.»

Men odskifte-kvldane i laget var friske og ofte morosame. Lagsbladet «Lærdølen» kom ut med sitt første nummer 21.desbr. 1886. «Lærdølen»,som endå idag er like livsfrisk og pigg, er soleis eit av dei eldste blad i heile vårt land!!

So kjem Dyrkoren.

Etter at laget hadde lege nede eit par år, kom det i 1894 til Lærdalsøyri ein lærar, som skulde setja merke etter seg i Ungdomslaget. Sunnmøringen, Rasmus Dyrkoren, var ein av dei som hadde serlege givnader som ungdomsleidar. Han var frisk-huga og venekjær, samla lett ungdomen kring seg, og fekk lagsarbeidet kraftig igang igjen med ein gong. Første hausten sender ungdomslaget ein «resolusjon» til styresmaktene i bygdi, og det lydde slik: «Ungdomslaget ynskjer at landsmålet må verta innført i skulane i bygdi.» Det var samrøystes vedteke i laget.

I 1895 hadde laget 15 møte med innleidingsforedrag og ofte lange ordskifte etterpå. Det var alltid mange tilstade på møti, gjerne over 100 menneskje somme tider. Interessa for lagsarbeidet var stor og stadig veksande. I 1896 valde laget segimillom tre komitear: «Skulespilkomite, Redaksjonskomite, og Muntrasjonskomite.» Dei vanlege møte vart haldne i kommunehuset, som dei fekk lovnad på. Nokre år før var det oppført eit heller romsleg turnhus på Lærdalsøyri, og der hadde laget festane sine og skodespelframsyningane. Eit av dei første skodespel, som vaart framsynt, var Anders Vassbotns «Meinhøve».

Noko som synes litt rart for vår tid var, at det i 1897 på 17.-mai-festen vart servert heimebryggja øl. Ja, slik står det i protokollen! Men året etter sender ungdomslaget ein «resolusjon» til heradstyret, der dei bed om å innskrenka ølhandelen på Lærdalsøyri, serleg då i hestemarknaden om våren.

Dyrkoren var sjuk og fall ifrå mot slutten av 1890-åri. Han

side 8

(Bilete av Kyrkjesongar O. Dahle)

døydde heime på Sunnmøre. Men hans siste ønskje var å verta gravlagd i Lærdal. Han hadde funne seg heime hjå denne ungdomen her, og vilde gjerne kvila millom Lærdalsfjelli. Ein av ungdomslaget, Anders Grøndal, hadde følgt den dødssjuke lærar Dyrkoren nordover. No kom han igjen med venen på båra, ungdomslaget skipa til gravferd, og sette minne på gravi til den kjære føraren sin. I sitt testamente hadde han gjeve kr. 500,00 til lagets byggjefond. Endå går det gjetord i bygdi om den initiativ-rike og fengjande ungdomsleidaren, Rasmus Dyrkoren.

Olaus Dahle vert formann.

Det var kyrkjesongar Olaus Dahle som tok arven opp. Han var i mangt og mykje motsetnaden til R.S.Dyrkoren. Dahle var ein logn og roleg mann. Han tok straks undan, at det skulde haldast andakt anten føreåt eller etter kvart møte. Han hadde store kunnskapar i dei ymse leider. Landsmålet låg han serleg

side 9

på hjarta. Han brann for ungdomen, og lagsarbeidet kom godt i gjenge.

I det komande 10-året var det Dahle, som for det aller meste stod i brodden for laget på Lærdalsøyri. Av dei eldste formenn er det ingen som har skreve so mykje i lagsprotokollen som han. Med friskt arbeidsmod gjekk han inn for ungdomen, og han hadde ei tolsemd, som det skal leitast etter maken til. Han stod i med festar og foredrag, fekk istand basarar, som kunde gi 3-400 kroner i overskot (sers mykje på den tid). Laget leigde dampbåten «Lærdal» til søndagsturar på Sognefjorden, til Skjolden, til Fjærland ein gong og til sanatoriet i Luster, som då var nybygt. Alt i 1899 vedtok laget ein «resolusjon» til skulestyret i Lærdal om å ta ABC-bok, bibelsoga og lesebok på landsmål til bruk i folkeskulen.

I 1902 hadde laget minnemøte etter salmeskalden Elias Blix, som då var død. Dahle heldt minnetalen. Styret vart pålagd å sende søknad om at Blix-salmane vart innførde i kyrkja. Årsmeldingi det året syner at det er halde 10 foredrag i laget. Dessutan 8 innleidingsforedrag til ordskiftet med mange innlegg etterpå. 19 vanlege møte vart haldne, og fire festar. På julefesten tala både Dahle, Husum, fru Gina Michelsen og lærar David Hauge. Det måtte vera eit lødigt program.

I 1902 vedtok laget ogso å kjøpa Turnhuset for kr. 2.240,00. Men det gjekk ikkje mange år før laget sat skuldfritt på huset sitt. Serleg høvande til ungdomshus var det ikkje. Men so hadde då laget sitt eige bu, og når det vart rigga opp ei provisorisk scene i eine enden av salen, gjekk det an til skodespelframsyningane, som det vart mange av i åri frametter. Når nokon vilde ha seg ein svingom, var huset velskikka nok. Ein kjende berre korleis golvet svaga og svaia i valsetakten.

Bjørnstjerne Bjørnson kjem til Lærdal.

Det var i 1899 det dramatiske møte vart halde i Turnhuset med Bjørnstjerne Bjørnson til talar mot landsmålet…

Ungdomslaget i nytt hus.

Laget held mors-fest.

Mange hadde formannsjobben.

Fimframsyningar i laget.

Ungdomslaget i krigstidi.

Laget var atter igang.

Gjentene har sett farge på laget.

Dei siste åri.

 

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *