Det førebelse talet er ca 58.000 kroner.
Dugnadsarbeidet som er lagt ned i å få tak i gevinstar, rydde og pynte,
lage god kaffimat, selge årer og lodd på bok og kafesal er stort!
Nokre bidreg med mykje, andre bidreg med mindre – men totalen er særs viktig.
Tusen takk til alle!
Tusen takk til alle de som bidrog med klingande mynt og knitrande papirsetlar!
Tusen takk også til alle som har betalt medlemspengar i venneforeninga for Frilund!
Det kjem fleire bilete etterkvart som vi får samla saman nokre, biletet av årene har vi lånt av Gunn H.
Vinnarane på loddbøkene:
Sykkel – Anne Grøttebø
Marimekkoveske – Heidi Eri Damli
Strikkaduk – Idunn Hille
Gåvekort Kiwi – Torbjørn Skulhaug
Vifteomn – Ingeborg Teigen
Vasskokar – Erling Sæbø
Miksar – Anne Kari Hagen
Blomst – Alfred Moe
5 kg moreller – Gudmund Lunden
Korg med godteri – Maud Hunderi
Termosett – Sunni Helland
Dei omtrent 100 åregevinstane fordelte seg nokolunde jamnt i salen! 😀