I løpet av siste året har det vore gjort mykje dugnadsarbeid – takreparasjonar, utvendig måling, drenering, nye vindauge og dør.
Møterommet i kjellaren har fått nye vindauga – der dei opprinnelege har vore plata inn.
Drenering på denne sida av Frilund sørgar for at rôteskade i golvet kan reparerast og halde fram med å vere tett og godt.
Trevaren har bidrege mykje til desse vindua og dei to som kjem på kjøkkenet!
Ny bakdør frå salen.
Frilund frå baksida – biletet viser at kinorommet no også er måla utvendig.